Sykepleier tror det skyldes vaksiner, men blir avvist

Helsepersonell snakkar ut om «pandemien» for fyrste gong

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

«Aldri tidligere sett folk under 20 med hjerteproblemer. Nå er det mange.»

Her er det som helsepersonell over heile verda vil at du skal vete, og kvifor dei ikkje er i stand til å snakke om det direkte.

Eg laga eit skjema for å be helsepersonell om å snakke anonymt om det som dei opplever. Her er det som dei fortalde med deira eigne ord (PDF-format).

Eit kort samandrag om det dei fortalde:

  1. Dei er redde for å stå fram offentleg på grunn av intimideringstaktikkar slik som tap av jobb og/eller autorisasjon.
  2. Uvaksinert helsepersonell er ekstremt opprørte over helsevesenet. Dei føler at dei blir behandla urettferdig.
  3. Det er dei vaksinerte kollegaene som blir sjuke av Covid, men det er dei uvaksinerte som blir straffa gjennom konstant testing, restriksjonar og trugslar om tap av jobb.
  4. Covid-sprøytene er ein katastrofe. Sjølv blant eldre som liksom skal vere den viktigaste målgruppa [for sprøytene] gjekk dødsraten på sjukeheimar opp med ein faktor på 5 etter at sprøytene vart rulla ut. Kvar gong sprøytene blir gjevne går dødsfalla i vêret. Ingen snakkar offentleg om dette. Det er ikkje lov.
  5. «Eg har ein pasient som eig ein omsorgsheim for vaksne, som gav vaksinar til deira seks vaksne klientar. Alle saman døydde i løpet av ei veke.»
  6. Legar ser at skade- og dødsratar aukar dramatisk i alle aldersgrupper. Skadane skjer berre med dei vaksinerte. Der er ingen tvil om at dette skjer, men mange legar lid av so omfattande kognitiv dissonans at dei ikkje ser det.
  7. Ein sjukepleiar med 23 års erfaring seier at ho aldri hadde høyrt gjete nokon under 20 som døyr av hjarteproblem før vaksinane vart rulla ut. No kjenner ho til rundt 30 dødsfall.
  8. «Eg har vore sjukepleiar i 36 år. Eg har aldri sett folk i 20- og 30-åra få slag, atrial fibrillasjon eller kardiomyopatiar før Covid-vaksinane. Eg jobbar innan kardiologi. Når eg nemner at nokon burde sjå på vaksinane som ein mogleg grunn, blir eg straks tagt og fortalt at «det kjem ikkje av vaksinen.»
  9. Legar registrerer ikkje vaksinasjonsstatus i journalane, slik at alle dødsfalla blir tillagt uvaksinerte.
  10. Legar ignorerer med vilje moglegheita for at vaksinane kan vere årsaka til auken av alle hendingane. Hendingane blir rett og slett ikkje forklart.
  11. Mange legar har anten slutta eller kjem til å slutte.
  12. Nokre legar og sjukepleiarar ved topp-institusjonar slik som Mass General Hospital har forfalska vaksinekort. Offentleg følgjer dei ordrar og oppmuntrar pasientane sine til å ta sprøytene, vel vetande om at dei er dødelege. Dei set jobben sin høgare enn liva til pasientane sine. Det viktigaste er at dei risikerer 10 års fengsel for å gjere dette. Desse høgt respekterte medisinske profesjonelle fortel verda at desse Covid-sprøytene er so farlege at dei er viljuge til å risikere 10 års fengsel for å unngå å ta sprøyta. Det er meldinga USA treng å høyre. Og dersom Biden var ein ærleg president, ville han be om full amnesti og vern mot gjengjelding for alle desse tilfella, dersom folk innrømte offentleg at dei gjorde det. Han ville blitt forbløffa over talet svar han ville ha fått. Men han kjem ikkje til å gjere det fordi det ville ha vore for audmjukande for administrasjonen hans.
  13. Ting ser ikkje ut til å bli noko betre.
  14. Dei medisinske undersøkjarane over heile verda gjer ikkje dei føremålstenlege testane under ein obduksjon for å oppdage eit vaksinerelatert dødsfall. Utan å gjere dei naudsynte testane er det svært vanskeleg å lage ei tilknyting. Der finst ikkje eit einaste «retningslinje»-dokument frå nokon som helst medisinsk autoritet nokon stad i verda for å gjere desse testane på menneske som døyr innan tre månader etter si siste Covid-vaksinering. Dette er grunnen til at inga tilknyting blir funnen: dei ser ikkje etter, og det er gjort med vilje. Hovudstraumspressa kritiserer dei ikkje for dette heller.
  15. Legar blir tvinga til å ta andre vaksinar, slik at sjukehuset kan møte kvoten sin. Dette vart innrømt til dei.
  16. «Eg er lei meg for at eg ikkje har meir definitive data. Eg er assistenten til ein hudlege. I løpet av det siste året har eg sett fleire tilfelle av nyoppstått kreft (hjerne, nyrer, urinrøyr, leukemi) enn eg har dei siste 12 åra blant pasientar.»

Det er svært vanskeleg å lese det dokumentet og deretter tru at alt fungerer.

Dersom du leser dokumentet og trur at alt er heilt i orden, tydar det at ein eller fleire av dei følgjande tinga er sanne:

  1. Du jobbar i Det kvite hus.
  2. Du jobbar i CDC, FDA eller NIH.
  3. Du er medlem i Kongressen eller ein stabsmedlem for ein medlem av Kongressen (Ron Johnson og staben hans er utelatne.)
  4. Du jobbar i hovudstraumsmedia.
  5. Du er toppsjef i eit hovudstraumsselskap innan sosiale media.
  6. Du jobbar i hovudstraumssamfunnet innan medisin (lege eller akademikar).
  7. Du er ein patetisk vits av eit menneske.
  8. Du er eit eksemplarisk blå-pilla individ; du er nett den typen borgar som staten din ønskjer å ha.

Hovudstraumsmedia kjem ikkje til å dele denne informasjonen. Dette er ikkje feilinformasjon; desse er alle saman sanne historier, der mange er umoglege å forklare dersom vaksinane verkeleg er trygge og effektive. Lagt saman utgjer dei eit graverande vitnesbyrd mot eit medisinsk system som har blitt korrumpert gjennom statlege incentiv.

Det er viktig for menneske i heile verda å høyre frå helsepersonellet som har fått sine stemmer stilna av det medisinske samfunnet.

Gjengitt med velvillig tillatelse fra nettavisen www.derimot.no

Vil du gi oss et bidrag? 

Vipps oss i dag på:

139906

Få varsling når vi publiserer artikler

Slå på varslinger for å få med deg våre nyeste artikler. Ønsker du ikke lengre å få varslinger kan du enkelt slå dem av her.

Bli medlem eller støttemedlem

Støtt vår sak ved å tegne et medlemskap eller send oss et bidrag – vi trenger din støtte i vårt videre arbeide.